Bilder | Diverse | Slaktehuset i Flåm

Slaktehuset i Flåm

I 1936 bygde Norges Kjøtt- og Fleskesentral eit slaktehus i Flåm. Same året bygde NKF eit mindre slaktehus i Lærdal.

Slaktehuset i Flåm vart drive av Vestlandske Salslag, medan Lærdal Slaktelag dreiv slaktehuset i Lærdal. Flåm-anlegget vart rekna som eit samlande reguleringsanlegg - sidan Flåm hadde jernbanesamband austover. Første året tok Flåm-anlegget imot 1.396 storfe og småfe.

I 1951 vart slakteriet i Flåm overført til Vestlandske Salslag, men vart lagt ned i 1956 og selt til kommunen i 1957.




Ingen kommentarer



Legg inn en kommentar

*Må fylles ut