Bilder | Gamle bilder | Flåm | Flåmsbana | Arbeid på Flåmsbana

Arbeid på Flåmsbana

Her er fire mann på jobb i fjellsida over tunnelmunningen i Pinnali. Både fjellreinsking og stikking var farleg og vanskeleg. På dei brattaste stadene vart karane fira ned med tog. Dei slo inn jernklamrar i fjellet, slik at desse etter kvart vart ein slags stige nedover fjellsida. Dei som reinska slo inn hol etter hol og fylte borehola med dynamitt og sprengde laus slepper og farleg fjell. Foto frå kring 1923-1930.




Ingen kommentarer



Legg inn en kommentar

*Må fylles ut